Annonse
Hemsedal

Naturopplevelser som gjør inntrykk

Hvor lenge har du hatt jobben som kultursjef i Hemsedal kommune?

Siden september 2021

Hva er den viktigste utfordringen du har i jobben for tiden?

Det er inspirerande å starte i ei nyoppretta stilling. Det er eit høve til å løfte fram og synleggjere kulturen i Hemsedal.  Samtidig kjenner eg på at det ligg store forventninger til meg, og det er mange som har ei meining om kva kommunen no kan utrette. For meg er det viktig å etablere eit godt samarbeid med mine næraste medarbeiderar, og legge grunnlag for at me vert eit velfungerande lag. Eg har dyktige folk i kulturskule, bibliotek og fritidsklubb, og me er på god veg til å utvikle vår form. Me som jobber i kulturavdelingen skal også bidra til kulturell aktivitet og kulturattraksjonar til både innbyggjarar og tilreisande i reiselivsbygda Hemsedal. Me er avhengige av aktører; det vere seg friville lag og foreningar eller profesjonelle, som viser det kulturelle mangfaldet. Det ser eg som ei stor utfordring, å gje kulturlivet oppdrift slik at det kan fly på eigne vengjer.

Foto: Marit Wøllo er kultursjef i Hemsedal kommune
Hvor i din kommune vil du anbefale et besøk?

Hemsedal, full av perler. Eg finn stadig nye perler. Det treng ikkje vere så lang og vanskeleg tilgjengeleg tur. Eg likar aller best å starte i tunet heime, gå gjennom gamalt, ope beiteland. Kvar vår må eg oppom og helse på det gamle styvingstreet. Det er spennande å sjå om det har klart denne vinteren også. Høgare opp, ja, eg likar å gå bratt og høgt, finn eg tufter etter for lengst nedramla løer. Eg likar å granske lendet for å finn «drøga» der hesten drog foret ned klanten. Ikkje sjeldan møter eg hoggorm. Eg føler meg nær naturen når eg ser eit orrhønereir, eller unngår å trø på ein rupeunge som gøymer seg i lyngen. 

Kan du nevne tre andre steder, enten i ditt nærområde eller i den store verden som er verd et besøk?

I Hemsedal må ein sjølvsagt besøke landets beste skianlegg Hemsedal skisenter. Ein komplett alpindestinasjon.- Eg er sogning, og etter at eg flytta, ser eg alle dei flotta naturkvalitetane dette området har å by på.  Å sykle rundt Lustrafjorden i mai,  frå Solvorn til Urnes byr på både kulturell- og naturoppleving. Kombinert med topptur i Hurrungane får du opplevingar du kan leve lenge på. 

Er det en kulturopplevelse siste året du vil trekke fram?

Tradisjonen tru, førjulskonsert med koret Kortado, og inderlege Metteson, som gjesteartist, i Grønland kirke. Som alltid kjem julestemning og gåsehud saman med Kling no klokka.

Hvis budsjettet for ditt felt hadde økt med 30 prosent, hva ville du brukt pengene til?

Meir peng på mitt budsjett ville bety meir peng til kulturaktivitet, og meir støtte til friville lag og foreningar som er grunnfjellet i kulturlivet i Hemsedal.

Hva bør regjeringen satse på for å styrke kultur- og reiselivet?

I desse tider der kultur- og reiselivet blør, tenker eg det er økonomisk støtte i form av kompensasjon som kan avbøte skadene. 

Hvis du må velge:

Espresso eller filterkaffe

Musikk eller podcast

Tog eller fly

Slalåm eller langrenn

Avis på papir eller avis på nett

Dagens Næringsliv eller Klassekampen

Lese bok eller høre bok

Sakprosa eller skjønnlitteratur

Film på kino eller film hjemme

Ved sjøen eller på fjellet

Teater eller konsert

Øl eller vin

 

Annonse
Annonse
Annonse