Foto

Wikipedia

Stenging av Lærdalstunnelen - ei katastrofe for reiselivet

Publisert: 25. november 2022 kl 09.51
Oppdatert: 25. november 2022 kl 10.58

Visit Sognefjord har gjort ei uformell spørsjeundersøkjing blant ei mengd turoperatørar frå heile verda, som fraktar enorme mengder turistar gjennom Lærdalstunnelen på årsbasis.

Resultatet av undersøkinga er følgjande:

•         99% sier stenging får konsekvensar.

•         50.000 gjester, som i snitt gjev forbruk inkl. overnatting, bespisning og  

           aktivitet: 1476 (2022 tal) = 73,8 mill i tapte inntekter. Dette er med ei

           overnatting. Dersom det er to overnattingar i Lærdal/Aurland, kan ein nesten

           doble talet.

Saken fortsetter under annonsen

•         80% av turoperatørane vil flytte gjestene til andre områder utanfor Sognefjord

           og nabodistrikt, fordi heile ruta må leggjast om.

•         20% vil kutte aksen Oslo-Bergen, dvs. langs heile ruta vil ein miste trafikk.

•         Kun 20% vil flytte gjestene til nordsida av Sognefjorden

•         Langsiktige konsekvensar: Turoperatørane finn andre alternativ som dei vil då

          også vil fortsette å bruke vidare i framtida.

Dette er berre dei kortsiktige konsekvensane. Og så kjem dei langsiktige, med at ein flyttar trafikk ut av området og skapar nye turprogram som endrar reisemønsteret på lang sikt, er skremmande for den etablerte reiselivsnæringa.

Saken fortsetter under annonsen

Det var 50 respondentar (dei største) av 2000 turoperatørar. Dersom alle hadde respondert og at ein tek med lansiktige konsekvensar med at turoperatørane flytter destinasjon for godt, kan konsekvensen nærme seg 400 millionar kroner i tapt verdiskaping. Undersøkinga gir oss ein peikepinn på korleis turoperatørane vil reagere og dette er eit svært forsiktig anslag.

Visit Sognefjord er sterkt imot ei heilstenging av tunnelen i eitt år, og er klar på at ein parallell tunnel er den beste løysinga som er fornuftig i eit langsiktig perspektiv, og som er minst samfunnsmessig skadeleg både for innbyggjarane, næringsverksemdene og sikkerheitsmessig. Kva om Statens Vegvesen ikkje klarar å halde tidråma, om det blir stengt i to år?

Dei langsiktige konsekvensane økonomisk sett for heile næringslivet ved Sognefjorden ved heilstenging, vil truleg bli like stor som å bygge parallell tunnel.

Det er ei gryande katastrofe for reiselivet som allereie har broten rygg grunna pandemi, inflasjon og krig i Europa. Dette er det siste ein treng no.

Visit Sognefjord jobbar på spreng nasjonalt og internasjonalt for å få kundane tilbake til regionen etter Pandemien og har lukkast i stor grad med dette, fleire av våre medlemsbedrifter hadde «all time high» sesong i 2022.

Ser ein på verdiskapninga reiselivet gjev her i regionen, ca. 1,6 milliardar kroner i 2019, så er det fleire hundre arbeidsplassar som står på spel. Mest heile lokalsamfunn.

Reiselivet ved Sognefjorden saknar ei større konsekvensutgreiing frå det offentlege/departement på kva stenginga vil medføre i tapt forteneste, kortsiktig og langsiktig. Synergiane er dei vurdert?

Saken fortsetter under annonsen

Kan det offentlege gje alt reiseliv og underleverandørar som vert råka garantiar? Kva eventuelle garantiar kan det offentlege gje?

Fylkeskommune, fylkespolitikarar, lokale politikarar og kommunane må no sterkt på bana for å stoppe denne planlagde katastrofen.

Visit Sognefjord skal kjempe for våre medlemsbedrifter i denne saka og samla med andre næringar i regionen, må vi fronte denne saka for departementet.

Heidi Hauge, reiselivsdirektør, Visit Sognefjord