Bestig den norske hest - en fantastisk fjelltur med 360 grader utsikt over den vakre kysten.

Publisert: 9. september 2022 kl 09.28
Oppdatert: 9. september 2022 kl 09.48

­Hvor lenge har du hatt jobben du har nå?

Eg starta i januar 2020, så vel 2,5 år

Hva er den viktigste utfordringen du har i jobben for tiden?

Og få utvikla fleire opplevingar i skuldersesongane.

Hvor i din kommune vil du anbefale et besøk?

Eg vil anbefale alle som kjem til Solund å oppleve Utvær og Utvær fyr. Staden har ein spennande historie heilt attende til vikingtida, og ein fasinerande natur – lengst vest i Norge.

Kan du nevne tre andre steder, enten i ditt nærområde eller i den store verden som er verd et besøk?

Annonse

Eg er svært glad i å besøk øyane i Solund, og har sjølv ei besta og besten som er fødd og oppvaksen på ei øy her i Solund. Så eg anbefala alle som kjem til å besøke dei levande øysamfunna som er i kommunen. Både Gåsvær, Buskøy og Ytre Sula er verdt å nemne.

Elles vil eg anbefale alle å reise rundt i regionen. Ta for eksempel turen til øya Alden og bestige den norske hest. Ein fantastisk fjelltur der du vil få 360 grader utsikt over den vakre kysten. Like ved ligg øysamfunna Værlandet og Bulandet. I Hyllestad finn du den majestetiske Lihesten, eit særmerkt fjellmassiv med mange flotte turmoglegheiter. Lenger nord finn du øya Kinn. På denne irrgrøne, grasdekte øya finn du den segnomsuste Kinnakyrkja og den ruvande Kinnaklova. Ønskjer du å oppleve ekte ruskevêr om vinteren er Kråkenes fyr verdt eit besøk.

Er det en kulturopplevelse siste året du vil trekke frem?

Eg vil trekke fram ei levande kulturoppleving i Solund: Øyhopping med den lokale postbåten frå Hardbakke i Solund – Bulandet. Her blir du med Tom Færøy og Hans Gåsvær på ei vakker reise gjennom øysamfunna i Solund. Båten stoppa der det er postlevering eller passasjerar, du vil komme tett på lokalbefolkninga og få høyre gode historier.

Hvis budsjettet ditt hadde økt med 30 %, hva ville du brukt pengene til?

Utvikle fleire bookbare produkt langs kysten.

Hva bør regjeringen gjør for å styrke kultur- og reiselivet?

Annonse

Å styrke statsbudsjettet til reiselivsoppdraget i Innovasjon Norge igjen. Reiselivet var den næringa som har vert hardast ramma av koronapandemien, så auka tilskot til å marknadsføre Norge som destinasjon er naudsynt i den viktige gjenreisingsfasen.

Sal- og marknadsansvarlig i Visit FjordKysten Lillian Herland.

Hvis du må velge:
Espresso eller filterkaffe? ✓
Musikk ✓ eller podcast? 
Tog eller fly? 
Slalåm ✓ eller langrenn? 
Avis på papir eller avis på nett?  ✓ 
Dagens Næringsliv ✓ eller Klassekampen?
Lese bok ✓ eller høre bok?
Sakprosa  ✓ eller skjønnlitteratur?
Film på kino eller film hjemme? 
Ved sjøen ✓ eller på fjellet? 
Teater eller konsert? ✓
Øl ✓ eller vin? 

Ledige stillinger – reiseliv