Foto

Illustrasjonsbilde

Initiativ til etablering av eit norsk universitets- og høgskuleforum for reiselivsutdanningar

Publisert: 2. februar 2024 kl 14.26
Oppdatert: 2. februar 2024 kl 14.31

­Dei sju var:

✓ Universitetet i Stavanger, Norsk Hotellhøgskole

✓ Høgskolen i Innlandet

✓ UiT- Norges arktiske universitet

✓ Universitetet i Sør-Øst Norge

✓ Norges miljø- og biovitenskaplige universitet

✓ Høyskolen Kristiania

Saken fortsetter under annonsen

✓ Høgskulen på Vestlandet

 

– Bakgrunn for møtet er eit ønskje om å etablere eit forum som synleggjere

reiselivsutdanningar, og ha eit forum der me kan samarbeide om undervisning og

forsking, men gjerne og større utfordringar på nasjonalt og internasjonalt nivå, seier

Helene Maristuen ved Høgskulen på Vestlandet.

Nedgangen i søkninga dei siste åra er og del av motivasjonen for etableringa.

Saken fortsetter under annonsen

Høgskulen på Vestlandet har dessutan fått tildelt i underkant av ein million kroner frå

Vestland fylkeskommune til prosjektet «Fleire reiselivsmedarbeidarar med rett

kompetanse». Prosjektet skal greie ut og utvikle utdanning i takt med behova til

arbeidslivet.

– Møtet fredag representerer eit viktig steg mot å styrka samarbeidet innan høgare

utdanning for reiselivsutdanningar, seier Maristuen.

 

Saken fortsetter under annonsen

I møtet presenterte dei ulike institusjonane sine studieprogram i reiseliv som tilbyr alt frå årsstudium, bachelor til master. Nokre har til og med Ph.d.-program i reiseliv.

Stian Stensland, professor ved masterstudiet i naturbasert reiseliv ved NMBU presenterte kort korleis ein har arbeida med nettverk og omdøme hos studiar i skogbruk gjennom prosjektet «Velg skog».

Stian Stensland: – Ogso i reiselivet må ein gå saman og gjere sine hosar grøne for å auke kompetanse og omdømebygging, ettersom reiselivet er viktig og skal utviklast til ei meir berekraftig eksportnæring for Norge.

 

– Kanskje bør spesialisering av kvar utdanning vere vegen å gå, sa Truls Engstrøm

(førsteamanuensis i serviceledelse ved Norsk Hotellhøgskule v/UIS).

– Både diskusjonar om innhald i og rekruttering til reiselivsutdanningar bør gjerast i

Saken fortsetter under annonsen

samarbeid med næringen. Her trur eg lokalt næringsliv, Innovasjon Norge, Virke og

NHO blir viktige samarbeidspartnarar i framtidige prosessar, sa Arild Røkenes, dosent i reiseliv ved UiT- Norges arktiske universitet).

 

Det blei satt ned eit interimsstyre som skal arbeide vidare med etableringa av UH-forumet. Interimsstyret består av:

UIS v/Truls Engstrøm

UIT V/Arild Røkenes

NMBU v/Stian Stensland

Saken fortsetter under annonsen

HVL v/Helene Maristuen (leiar)

Interimsstyret skal arbeide fram forslag til vedtekter, arbeidsområde , interessentar og mogleg finansiering. Maristuen avslutta med:

Grøn eksport: Reiseliv er Norge si femte største eksportnæring og det er (ifølgje NHO Reiseliv) auka etterspurnad etter grøne reisemål og autentiske opplevingar.

– Norge har mange konkurransefortrinn innan berekraftig reiseliv og derfor er det viktig at me utdannar kandidatar som kan utvikle og forvalte reiselivsproduktet på best mogleg måte.

– Prognosane tilseier 40% auke i omsetninga til 2030. Det er vårt samfunnansvar å

sørgje for at utviklinga blir berekraftig og i den retninga kommunar og

fylkeskommunar ønskjer.