Foto

Arbeidsmiljøportalen

Overnatting og servering – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen

Publisert: 14. februar 2023 kl 09.31
Oppdatert: 14. februar 2023 kl 10.07

På den største arenaen for serveringsbransjen, Umami Arena, skal Arbeidstilsynet vere til stades for å dele kunnskap om arbeidsmiljø og regelverk. Her kan verksemder i bransjen lære om korleis ein kan ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar ved hjelp av Arbeidsmiljøportalen.

– Overnatting og servering er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.

Temaet for årets messe er «Kraften til å ta Norge videre» der arbeidskraft blir sentralt. Møt Arbeidstilsynet og mange fleire på NOVA Spektrum i Lillestrøm frå 14. – 17. februar.

Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær

Om lag 97.000 personar jobbar i overnatting og servering. Flest jobbar som servitør, kokk eller kjøkkenassistent.

43 % av dei med fråvær i overnatting og servering oppgir at dette kjem av helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie.

– Seksuell trakassering er eit kjent utfordring i bransjen. Å bli utsett for uønskt seksuell oppmerksemd kan føre til både fysiske og psykiske helseplager, seier Vollheim.

Saken fortsetter under annonsen

Høge krav og lav kontroll, ståande arbeid og vått arbeid er også faktorar som påverker arbeidsmiljøet i denne bransjen. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i servering og overnatting.

Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.