Ledelse i praksis

68 prosent at tilsette i overnatting og serveringsbransjen arbeider ståande.

Overnattings- og serveringsbransjen taper 790.000 dagsverk per år på grunn av legemeldt sjukefråvær

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har utvikla eit verktøy for overnattings- og serveringsbransjen som gjer det enkelt å jobbe med å skape eit betre arbeidsmiljø.Alle arbeidsplassar opplever utfordringar knytt til arbeidsmiljøet.

Publisert Sist oppdatert

Eit godt arbeidsmiljø bidreg til at ein kan arbeide betre, ha betre helse og betre resultat for verksemda.

Bransjen overnatting og servering taper 790.000 dagsverk per år på grunn av legemeldt sjukefråvær. Mange, heile 43 prosent, av dei med sjukefråvær i bransjen oppgir at fråværet heilt eller delvis kjem av helseproblem forårsaka av jobben.

Det betyr at mykje av dette fråværet kan leiinga og dei tilsette førebygge i fellesskap.

I denne bransjen er det nokre faktorar som pregar arbeidsmiljøet. Høge krav, og lite høve til å påverke arbeidet, rollekonflikt, ugunstig arbeidstid, fysisk belastande arbeid som ståande og gåande arbeid og ukomfortable stillingar, og vanskelege kundesituasjonar.

75 prosent av dei med smerter i nakke, skuldrer eller arm oppgir at desse kan komme av jobben

53 prosent av dei med smerter i rygg eller bein oppgir at dette kan komme av jobben

45 prosent av dei som oppgir psykiske plager oppgir at dette kan komme av jobben

Når arbeidet kan vere årsak til plager, betyr det at arbeidsmiljøet kan vere nøkkelen til å førebyggje desse plagene.

Godt samspel gir resultat

Det å jobbe med arbeidsmiljø er ein kontinuerleg prosess, der det er viktig med tillit mellom leiing, tilsette og tillitsvalde.

Verktøyet En bra dag på jobb, er utvikla for at leiing, tillitsvalde, verneombod og tilsette skal jobbe saman og få felles eigarskap til arbeidsmiljøarbeidet. Saman skal leiing og tillitsvald, verneombod og tilsette identifisere dei utfordringane som finst på arbeidsplassen deira og deretter komme fram til tiltak som passar arbeidsplassen deira.

Vi er alle ulike, har ulike referansar og toleransegrenser. I eit godt arbeidsmiljø er det viktig å fange opp kva som kan hindre at alle medarbeidarane skal kjenne seg inkludert og tryggje på arbeidsplassen.

En bra dag på jobb er utvikla for å gi bransjetilpassa råd basert på forsking og dialog med verksemder. Forsking viser kva som påverkar arbeidsmiljøet i bransjen, og En bra dag på jobb er basert på denne kunnskapen, og på erfaring frå verksemder.

Verksemdene bidreg med verdifull kunnskap om bransjen, om kva arbeidsmiljøutfordringar dei opplever, korleis desse kjem til uttrykk i bransjen sin og kva tiltak dei opplever er effektive. Derfor er vi heilt avhengige av å ha ein god dialog med verksemder i ulike bransjar.

Bransjen kan bruke En bra dag på jobb

Verktøyet En bra dag på jobb er basert på filmar om utvalde utfordringar i bransjen som legg det til rette for at tilsette kan diskutere utfordringane på sin eigen arbeidsplass.

I fellesskap skal dei komme fram til ein konkret handlingsplan som vil hjelpe dei til å få eit betre arbeidsmiljø som bidreg til lågare arbeidsrelatert sjukefråvær og fråfall.

Verktøyet er ein del av satsinga i IA-avtalen på førebyggjande arbeidsmiljøarbeid. IA-avtalen er eit samarbeid mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet i Noreg.

Powered by Labrador CMS