Reiseliv

Om fire år vil ingen cruiseskip kome

Om fire år kjem det nye utsleppsreglar for verdsarvfjordane. Sjølv om bestillinga har vore open over eit halvår, har til no ingen cruiseskip meldt anløp i Flåm i 2026.

Publisert Sist oppdatert

Tilbakemeldinga frå reiarlaga er klar. Så lenge det er ein uavklara situasjon kan dei ikkje spekulere i å legge skip hit, seier Tor Mikkel Tokvam, hamnesjef i Aurland hamnevesen til NRK.

I Geiranger er situasjonen den same. Ingen vil kome i 2026.

I fjor sa Stortinget nei til å utsetje nullutsleppskravet i verdsarvfjordane frå 2026 til 2030. Den gong signaliserte hamnesjefen at vedtaket ville innebere at ingen skip kunne kome til Flåm frå 2026. I 2019, året før pandemien, var det 158 cruiseanløp i Flåm. I november opna hamna for bestillingar av anløp om fire år. Til no har ingen meldt seg.

– Det betyr at per no vel dei andre hamner frå og med 2026. Slik vil situasjonen bli til ein får ei avklaring.

Òg i Geiranger har bestillinga vore open lenge.

– Det finst ikkje store nullutsleppsskip i cruisereiarflåta før tidlegast i 2030. Dei har ikkje teknologi som tilfredsstiller vedtaket om nullutslepp, seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen.

Sjøfartsdirektoratet er på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet i gang med ei utgreiing som ser på dei administrative og økonomiske konsekvensane av kravet.

Direktoratet skal òg sjå på tiltak som kan sikre at verdsarvfjordane framleis kan ta imot cruiseanløp. Dette arbeidet skal vere ferdig mot slutten av 2022.

– Vil ha store konsekvensar for reiselivet

Eit absolutt nullutsleppsvedtak frå 2026 vil ha omfattande konsekvensar for lokalt reiseliv, meiner Tor Mikkel Tokvam.

Han viser til at berekningar viser at cruiseskipa som normalt har kome til Flåm har lagt att mellom 200 og 250 millionar kroner.

Også i Geiranger er dei uroa. Hamnesjef Maraak skildrar situasjonen som lite føreseieleg. Ho seier dei har akseptert at Geirangerfjorden blir stengd fram til teknologien er på plass, og at dei må finne andre løysingar.

– Noreg har bestemt at desse fjordane skal vere verdas første, flottaste og beste utsleppsfrie reisemål, men fram til teknologien er på plass og skipa igjen kan segle inn i fjordane våre, så vil det bli utfordrande.

– Korleis staten vil løyse dette, er for oss uklart.

https://www.nrk.no/vestland/ingen-skip-vil-kome-til-flam-i-2026-1.16012542

Powered by Labrador CMS