Reiseliv

Ta turen til fjelltoppen Reinsnuten og nyt den magiske utsikten

Vi stilte noen spørsmål til kommunalsjef for oppvekst & kultur i Etne kommune, Mona Rasmussen Sævik, om lokale severdigheter og kulturattraksjoner

Publisert Sist oppdatert

­Hvor lenge har du hatt jobben du har nå?

Eg har jobba her snart tre år.

Hva er den viktigste utfordringen du har i jobben for tiden?

Å skape gode aktivitet-, vekst- og utviklingsmuligheter for alle barn og unge i Etne kommune. Dette er vel det viktigaste og noko eg vel å satsa på. Me vil ha barn og unge opp og fram og me jobbar for eit positivt bidrag i kvardagen.

Hvor i din kommune vil du anbefale et besøk?

Eg har tenkt at det å gå opp til Dagsturhytta vår er verdt turen. Dette er ikkje ein lang tur, og eg tenkjer at ein ikkje alltid treng gå langt for å finna utsikt og flott natur.

Dagsturhytta ligg på ein plass som gir god utsikt i tillegg til at det er ein plass det er godt å koma til. Ein kan fyra i ovnen, ha på seg varme gode tøfler og ein kan finna seg ei god bok. Ein kan sitja både inne og ute, og det er plass til mange. Utsikta inne er ramma inn av store vindauge. Dagsturhytta i Etne ligg på Leiteshaugen, i fjellområdet Rus. Ser ein på kart, så står det ofte Litle Urdahaugen.

Sentrum i Skånevik er verdt eit besøk 😊 Her vil du møta positive og engasjerte folk, og snart kan du bada i eit utebasseng!

Kan du nevne tre andre steder, enten i ditt nærområde eller i den store verden som er verd et besøk?

Eg slår eit slag for det landet me har som dei siste åra har blitt vist fram på ein framifrå måte. Det har vore fantastisk flott at så mange har delt på bilete og vist fram landet vårt på den måten som det er blitt gjort i pandemien. Me har kanskje ikkje reist så langt, men me har fått gode opplevingar og me har fått minna kvarandre på kva me har.

Eg er frå Karmøy, og har lyst til å visa til vest på Karmøy der det ligg kilometer med kvite strender. Er det sommar, så er dette den beste plassen å vera. «Sandane» på Åkrehamn, i Karmøy kommune er å anbefala, men det fins strender langs heile vestsida, så det er mange å velje mellom. Der kan ein nyta sola og sjøen, ein kan gå på tur langs sjøen i flott laga turløypa for alle.

Eg ynskjer også å nemna Reinsnuten, ein topp i Sauda. Her kan du sjå langt, få pusten tilbake og nyte medbrakt niste!

Sist så ynskjer eg å ta fram hagestolen og slå eit slag for gode opplevingar heime. Ein treng ikkje reisa så langt om ein har det godt der ein er. Eg bur i nærleiken til sjøen, ser sola går ned og er nøgd med det.

Er det en kulturopplevelse siste året du vil trekke frem?

Eg gler meg stort til det som kjem av kulturopplevingar og at me nå kan ha konsertar slik som før. Den beste kulturopplevinga eg har hatt dette året, er ein intimkonsert med elevar på musikkhøgskulen i Oslo. Her var det elevar som viste kvalitet, samarbeid, musikkglede og humor i det det spelte. Dei kosa seg, og det var til glede for oss tilhøyrarar!

Hvis budsjettet ditt hadde økt med 30 %, hva ville du brukt pengene til?

Eg har ansvar for mange, både barnehage, skule og kultur, og hadde hatt ein runde med mine om me skulle få fleire pengar. Me har eit fokus der me satsar på barn og unge, der me ynskjer aktive barn og unge, så det hadde nok blitt noko som passar for måla me har sett oss.

Hva bør regjeringen gjør for å styrke kultur- og reiselivet?

Eg ser me har kreative folk som har lyst til å få ting til, både sentralt og ute i distrikta. Kanskje regjeringa bør snakka meir med dei som driv – ikkje berre dei som snakkar høgt, men kanskje samla fleire og skapa rom for ein betre og opnare dialog. Me har mykje å visa fram, og eg trur det vil bli viktigare og viktigare for oss alle å nyta og nytta kulturen og naturen me har rundt oss.

Hvis du må velge:
Saken fortsetter under annonsen
googletag.cmd.push(function() { googletag.display('js-dfp-tag-reiseliv1_no_article_3'); });
Espresso eller filterkaffe? Ingen av delene
Musikk ✓ eller podcast?
Tog eller fly? Spørs hvor
Slalåm eller langrenn ✓?
Avis på papir eller avis på nett✓?
Dagens Næringsliv eller Klassekampen?
Lese bok eller høre bok?
Saken fortsetter under annonsen
googletag.cmd.push(function() { googletag.display('js-dfp-tag-reiseliv1_no_article_4'); });
Sakprosa eller skjønnlitteratur ✓?
Film på kino eller film hjemme?
Ved sjøen eller på fjellet?
Teater eller konsert ✓?
Øl eller vin✓?
Powered by Labrador CMS