2 674 198 passasjerar reiste innanlands i oktober.

Foto

Mikkel Moxness Rettigheter: Avinor

Passasjertala for oktober – nær jamt med fjoråret

Publisert: 10. november 2023 kl 12.36
Oppdatert: 10. november 2023 kl 12.36

­–Passasjertala for oktober landa 1,5 prosent over fjoråret, der innanlandstrafikk gjekk svakt ned medan utanlandstrafikken dreiv utviklinga med ein auke på 5 prosent mot 2022. Innanlandstrafikken er framleis prega av lågare kapasitet enn fjoråret då Flyr også opererte innanriks i Noreg, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor. 

Talet på flyrørsler er 3 prosent lågare enn i oktober 2022, og 9 prosent lågare enn i oktober 2019. 

–Utanlandstrafikken er prega av store skilnader mellom landa. Trafikken til Spania går noko ned frå fjoråret, men ligg framleis 7 prosent over 2019-nivå, noko som gjer landet til det største destinasjonslandet for Avinor. Italia, Hellas, Tyskland og Polen viser også god vekst. På den andre sida har trafikken til nabolanda våre, Sverige og Danmark, falle kraftig samanlikna med 2019, og er i oktober ned respektive 21 og 12 prosent, held Riise fram. 

–Vi ser også at talet på reisande som ikkje er busett i Norge no er tilbake på same nivået som før pandemien, sjølv om den asiatiske marknaden framleis ligg langt bak. Dette er ei utvikling som er svært positiv for reiselivet i Noreg, og ei utvikling vi forventar at vil forsterke seg videre framover. Ei svak norsk krone er sjølvsagt positiv for denne eksportmarknaden, men uavhengig av den forventar vi ei positiv utvikling innan dette segmentet, avsluttar Riise. 

Passasjertal 

2 674 198 passasjerar reiste innanlands i oktober. Det er 1 prosent færre enn same månad i fjor, og 8 prosent færre innanlandsreisande enn i oktober 2019. 
Med 1 816 374 utanlandsreisande i oktober, auka trafikken til og frå utlandet med 5 prosent i oktober 2023 samanlikna med oktober 2022. Det er framleis 9 prosent færre enn same månad i 2019. 

Flyrørsler 

Saken fortsetter under annonsen

Det var 56 535 kommersielle flyrørsler i oktober. Det er 3 prosent færre enn i oktober førre året. Samanlikna med oktober 2019 var det 9 prosent færre flyrørsler i oktober i 2023. 

Hittil i år samanlikna med 2019 

Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i 2019. 

Talet på flyrørsler så langt i år ligg 9 prosent bak 2019. Sjå alle tal i vedlegget 10.2023. 

Auke i droneflygingar trass meir vêr 

I oktober vart 1597 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. 

–Dette er ein auke på heile 84 prosent samanlikna med oktober 2022 seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor. 

Saken fortsetter under annonsen

–Så langt i år er auken 105 prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tal, særleg med tanke på at vi no har mykje vêr, haust og vinter i store delar av landet. Men vi trur framleis det vil være betydeleg aktivitet ut året, men ventar at dette flater ut dei siste månadene i år.