Reiseopplevelser

Turistperler i Aurland

Få med deg en fantastisk togtur på Flåmsbanen, kulturarven på Otternes, og ikke minst møte med budeia og smake på geitosten

Publisert Sist oppdatert

Vi stilte noen spørsmål til næringsrådgiver i Aurland kommune, Linn-Janette Underdal Skarsbø om kulturattraksjoner og severdigheter i Aurland.

­Hvor lenge har du hatt jobben du har nå?

under eit år

Hva er den viktigste utfordringen du har i jobben for tiden?

Som Næringsrådgjevar vert mykje tid akkurat no brukt til å vurdere søknader om bedriftsutvikling/prosjekt som har kome inn til konsesjonsavgiftsfondet. Det er mange gode idear, og det er kjekt å sjå at mange ynskjer å utvikle seg og ser moglegheiter i etterkant av dei utfordrande åra som har vore. Me er òg ein Gnist-kommune i lag med Sogndal kommune og Luster kommune, der tek me òg føre oss ein utfordring som me ynskjer inovative løysingar på. Utfordringa der er knytt til høgt besøkspress og vegar som ikkje er bygd for den aukande trafikken, her er det forkus på bygdene Undredal, Fjærland og Solvorn.

Hvor i din kommune vil du anbefale et besøk?

Eit umogleg spørsmål, Aurland kommune ligg midt i eit område som ligg på UNESCO si verdsarvliste. I tillegg til verdsarv har me andre attraksjonar med minst lika fantastisk opplevelsesverdi. Alle bør leggje til eit besøk på ein støl for å få møta budeia, geiter og få smakt geitost, ein tur på fjorden og på flåmsbana for å kunne oppleve natur og kulturlandskapet. Oppleve kulturarven på Otternes, og landskapet i Aurlandsdalen. Har ein tid bør ein svippe innom ein av dei små grendene i kommunen, Aurland kommune er ein liten kommune i forhold til innbyggjartal, men rik på opplevelsar -ein ber setje av nokre dagar for å få med seg alt.

Kan du nevne tre andre steder, enten i ditt nærområde eller i den store verden som er verd et besøk?

Bøttejuv i Årdal, Kongevegen i Lærdal og ikkje minst Liverpool.

Er det en kulturopplevelse siste året du vil trekke fram?

Konsert med Tønes i Undredal Ungdomshus, med koronaen har det ikkje vorte så mange opplevingar på vinteren i området -men det var ein flott opplevelse.

Hvis budsjettet for ditt felt hadde økt med 30 prosent, hva ville du brukt pengene til?

Støtte oppom verksemder som ynskjer å etablere seg eller utvikle seg, og er nytenkjande, basert på dei natur- og kulturverdiane som me har i området.

Hva bør regjeringen satse på for å styrke kultur- og reiselivet?

Det er mykje bra som skjer i småe kommunar, og frivillige lag og organsisasjonar gjer mykje for lokalt kulturliv. Det er nok mykje og hente der og for reiselivet, og det bør finne måtar som gjer at det vert knytt sterkare bånd mellom dei. Etablere gode samarbeid og nettverk. Det er sjølvsagt ein del organisasjonar som kan ta på seg slike rollar, og dette bør ein sjå nærare på, og gje dei midlar til å utvikle dette vidare. Tilgjengeleg ressursar er ofte mangelvara.

Hvis du må velge:

Espresso eller filterkaffe✓

✓Musikk eller podcast

✓ Tog eller fly

✓ Slalåm eller langrenn

Avis på papir eller avis på nett ✓

Dagens Næringsliv eller Klassekampen ✓

✓ Lese bok eller høre bok

Sakprosa eller skjønnlitteratur ✓

Film på kino eller film hjemme ✓

Ved sjøen eller på fjellet ✓

Teater eller konsert ✓

Øl eller vin ✓

Powered by Labrador CMS